Evangelisk-christelig Psalmebog til Brug ved Kirke- og Huus-Andagt

Evangelisk-christelig Psalmebog til Brug ved Kirke- og Huus-Andagt er ei dansk salmebok som vart autorisert for bruk gudstenester i 1798 og brukt i Noreg fram til ho vart avløyst av Landstads kirkesalmebog i 1870.

Salmeboka vart utarbeidd under leiing av biskop N.E. Balle. Boka er sterkt prega av rasjonalistisk kristendom. I julesalmane vert ikkje Betlehemsstjerna, stallen eller hyrdane nemnde. Djevelen og annan folketru er forsøkt luka ut. Det meste av den pietistiske salmedktinga er utelaten, boka har berre med elleve endog reduserte Brorson-salmar. Det vart lagt stor vekt på eit enkelt og forståeleg ordval.

Den Evangelisk-christelige salmeboka har 560 nr. Salmane er ordna teamtiski i tre hovudbolkar: «Lov- og Takke-Psalmer» (om Gud og Jesus), «Bede-Psalmer» (om kristenlivet) og «Tids-Psalmer» (om menneskelivet). Sjølv om mange av biskopane arbeidde for denne boka, var ho var prega av rasjonalistisk kristendom og dårleg likt av lekfolket, spesie luka ut. Det meste av den pietistiske salmedktinga er utelaten, boka har berre med elleve endog reduserte Brorson-salmar. Det vart lagt stor vekt på eit enkelt og forståeleg ordval.

Den Evangelisk-christelige salmeboka har 560 nr. Salmane er ordna teamtiski i tre hovudbolkar: «Lov- og Takke-Psalmer» (om Gud og Jesus), «Bede-Psalmer» (om kritenlivet) og «Tids-Psalmer» (om menneskelivet). Sjølv om mange av biskopane arbeidde for denne boka, var ho var prega av rasjonalistisk kristendom og dårleg likt av lekfolket, spesielt på bygdene.

Endringane i biskop Johan Nordahl Brun sin kjende påskesalme, som vart sungen kvar søndag i påsketida, illustrerer korleis salmane vart omdikta for å høve til det kristendomssynet som var rådande i tida:lt på bygdene.

Endringane i biskop Johan Nordahl Brun sin kjende påskesalme, som vart sungen kvar søndag i påsketida, illustrerer korleis salmane vart omdikta for å høve til det kristendomssynet som var rådande i tida:

Originaltekst (2 første av 3 vers):

JEsus lever, Graven brast
Han stod op med Gudoms Vælde,
Trøsten staaer som Klippen fast:
At hans Død og Blod skal gjelde.
Lynet blinker, Jorden bæver,
Graven brast og Jesus lever.
Jeg har vundet, JEsus vandt;
Døden opslugt er i Seyer,
JEsus Mørkheds Fyrste bandt,
Jeg min kiøbte Frihed eyer,
Aaben har jeg Graven fundet,
JEsus vandt og jeg har vundet!

Tekst i Evangelsk-christelig Psalmebog:

Jesus lever, Graven brast.
Han stod op med Guddoms Vælde.
Nu mit Haab staaer evig fast;
Tvivl og Frygt skal det ei fælde.
Lynet blinker. Jorden bæver.
Graven brast, og Jesus lever.
Jeg har vundet, Jesus vandt;
Døden viger for hans Seier,
Nu jeg ved hans Ord er sandt:,
Haab om evigt Liv jeg eier,
Vei til Himlen har jeg fundet:
Jesus vandt, og jeg har vundet!

Nyare salmebøker har heldt seg nærare originalteksten til Brun.

Ved kongeleg resolusjon av 10. september 1853 vart eit Tillæg til den evangelisk-christelige Psalmebog autorisert for bruk ved sida av den Evangelsk-christelige i Vor Frelsers Menighed i Christiania. Dette Christianiatillægget vart etter kvart brukt av dei fleste noske kyrkjelydene som brukte den Evangelisk-Christelige.

Bakgrunnsstoff endre