Gulf Winds

Gulf Winds
Studioalbum av Joan Baez
Utgjeve November 1976
Innspelt 1976
Studio Sound Labs i Los Angeles og TONTO i Santa Monica[1]
Sjanger Softrock, viser
Lengd 44:05
Selskap A&M
Produsent David Kershenbaum
Joan Baez-kronologi
From Every Stage
(1976)
Gulf Winds Blowin' Away
(1977)


Gulf Winds var eit studioalbum frå 1976 av Joan Baez og det siste albumet hennar med nye songar for A&M. Baez skreiv i sjølvbiografien And a Voice to Sing With at dei fleste songane vart skrivne medan ho var på turné med Rolling Thunder Revue med Bob Dylan.[3] «O Brother!» var ein svarsong til Dylan-songen «Oh Sister». På tittelsporet, ein ti minuttar sjølvbiografisk song om barndommen hennar, akkompagnerer Baez seg sjølv på akustisk gitar, som minna om dei tidlegaste viseinnspelingane hennar. Resten av songane har ein softrockstil som var vanleg på midten av 70-talet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Gulf Winds er det einaste Baez-albumet utan coverlåtar og alle songane var skrivne av Baez sjølv.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Joan Baez.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sweeter for Me»4:25
2.«Seabirds»4:32
3.«Caruso»3:42
4.«Still Waters at Night»3:01
5.«Kingdom of Childhood»7:51
Side to
Nr.TittelLengd
6.«O Brother!»3:19
7.«Time Is Passing Us By»3:43
8.«Stephanie's Room»4:05
9.«Gulf Winds»10:29

MedverkandeEndra

SalslisterEndra

År Liste Plassering
1976 The Billboard 200 62

KjelderEndra

  1. https://www.discogs.com/Joan-Baez-Gulf-Winds/release/2023107
  2. Allmusic review
  3. Baez, Joan. 1987. And a Voice to Sing With: A Memoir. Century Hutchinson, London. ISBN 0-7126-1827-9