Jim Gordon
James Beck «Jim» Gordon (fødd 14. juli 1945)[1] er ein amerikansk musikar og låtskrivar. Han var ein av dei mest etterspurde trommeslagarane i 1960- og 1970-åra og spelte med mange av dei mest kjende musikarane på den tida,[2] som bluesrock-supergruppa Derek and the Dominos, Little Richard og Delaney & Bonnie. I 1983 viste det seg at Gordon var schizofren og tok livet av mora si og vart dømd frå 16 år til livstid i fengsel.
Jim Gordon | |||
| |||
Fødd | 14. juli 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Død | 13. mars 2023 | ||
Dødsstad | California Medical Facility | ||
Fødenamn | James Beck Gordon | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1963–1980 | ||
Sjanger | Blues Bluesrock Hardrock Pop, psykedelisk rock | ||
Instrument | trommer perkusjon piano | ||
Kjende instrument | Camco-trommer | ||
Tilknytte artistar | Alice Cooper Derek and the Dominos Delaney, Bonnie & Friends Eric Clapton George Harrison Harry Nilsson The Everly Brothers The Beach Boys The Beau Brummels Mason Williams Gene Clark The Byrds Joe Cocker Traffic Frank Zappa Souther–Hillman–Furay Band Dave Mason Incredible Bongo Band Steely Dan Gordon Lightfoot | ||
Plateselskap | Polydor Records | ||
Verka som | Trommeslagar | ||
Mor | Osa Gordon | ||
Sambuar med | Rita Coolidge |
Musikkarriere
endreGordon byrja karrieren sin i 1963, 17 år gammal, som trommis for The Everly Brothers, og vart raskt ein av dei mest etterspurde studiomusikarane i Los Angeles. Han vart tatt under vengjene av av trommeslagaren Hal Blaine og spelte på mange kjende innspelingar i 1960-åra, som Pet Sounds av The Beach Boys (1966), Gene Clark with the Gosdin Brothers av Gene Clark (1967), The Notorious Byrd Brothers av The Byrds (1968) og hitten «Classical Gas» av Mason Williams (1968). På høgda av karrieren sin var Gordon visstnok så travel som studiomusikar at han flydde til Los Angeles frå Las Vegas kvar dag for å gjere to-tre innspelingar, og så reise attende same dagen for å spele kveldsshow ved Caesars Palace.
I 1969 og 1970 turnerte Gordon med gruppa til Delaney & Bonnie, som på den tida hadde med Eric Clapton. Clapton tok med seg rytmeseksjonen i gruppa - Gordon, bassisten Carl Radle og klaverspelar-songar-låtskrivar Bobby Whitlock. Dei danna eit nytt band som vart kalla Derek and the Dominos. Den første studioinnspelinga var det første soloalbumet til George Harrison, det triple All Things Must Pass. Gordon spelte så på Derek and the Dominos sitt dobbeltalbum, Layla and Other Assorted Love Songs i 1970 og medverka i tillegg til trommer, med pianoet på avslutninga av tittelsporet «Layla». I seinare år hevda Whitlock at pianostykket ikkje var skriven av Gordon: «Jim tok pianomelodien frå ekskjærasten Rita Coolidge. Eg veit dette fordi då me spelte i D&B budde eg hos John Garfield i Hollywood Hills og det var eit gjestehus med eit piano der. Rita og Jim var i gjestehuset og inviterte meg til å skrive denne songen i lag med dei kalla 'Time.'... Syster hennar Priscilla enda opp med å spele inn songen med Booker T. Jones.... Jim tok melodien frå songen til Rita og gav ho ikkje æra for dette. Ho vart lurt av kjærasten sin».[3] Gordon spelte med bandet på turneane deira, men gruppa vart oppløyst våren 1971.
I 1970 spelte Gordon på Joe Cocker sin Mad Dogs and Englishmen-turneen og spelte på Dave Mason-albumet Alone Together. I 1971 turnerte han med Traffic og var med på to av albuma deira, inkludert The Low Spark of High Heeled Boys. Same året spelte han på Harry Nilsson sitt Nilsson Schmilsson og medverka med trommesoloen på sporet «Jump into the Fire». I 1972 spelte Gordon i det 20 mann store bandet til Frank Zappa på «Grand Wazoo»-turneen og så i det ti mann store «Petit Wazoo»-bandet. Den mest kjende innspelinga hans med Zappa var tittelsporet på albumet Apostrophe (') i 1974, ein jam med Zappa og Tony Duran på gitar og Jack Bruce på bassgitar. I 1974 spelte Gordon på det meste av Steely Dan-albumet Pretzel Logic, inkludert singelen «Rikki Don't Lose That Number». Han arbeidde igjen med Chris Hillman frå the Byrds som trommeslagaren i Souther–Hillman–Furay Band frå 1973 til 1975. Han spelte òg trommer på tre songar av Alice Cooper i 1976 på albumet Alice Cooper Goes to Hell. Gordon var trommeslagaren på Incredible Bongo Band sitt Bongo Rock, som kom ut i 1972, og trommebreaken hans på versjonen av «Apache» er ein av dei mest sampla rytmane av rap-artistar.[4]
Fengsel
endreGordon utvikla schizofreni og byrja å høyre stemmer, inkludert stemma til mora, som tvang han til å svelte seg sjølv og hindra han frå å sove, slappe av og spele trommer.[5] I 1983 gjekk han til åtak på mora med ein hammar og slo ho i hel.[4][6][7] Sjølv om retten aksepterte at Gordon hadde akutt schizofreni fekk han ikkje lov å erklære seg sinnsjuk i gjerninga etter at lova i California hadde fjerna dette.[5] Den 10 juli 1984 vart Gordon dømd frå 16 år til livstid i fengsel.[8] I oktober 2013 sat James Beck Gordon, fange #C89262, 67 år gammal, framleis i California Medical Facility, eit psykriatisk fengsel i Vacaville i California.
Diskografi
endreI løpet av karrieren spelte Gordon på mange innspelignar for kjende musikarar og produsentar, som:
- Duane Allman Anthology (orgel, piano, trommer)
- Renee Armand The Rain Book (producer, medlåtskrivar, trommer, gitar)
- Hoyt Axton My Griffin Is Gone
- Joan Baez From Every Stage; Diamonds and Rust; Gulf Wind
- The Beach Boys Good Vibrations; Spirit of America; Pet Sounds
- Stephen Bishop On and On: Hits of Stephen Bishop
- Bread Bread
- Teresa Brewer 16 Most Requested Songs
- Jackson Browne Jackson Browne (orgel); The Pretender
- Jack Bruce Out of The Storm (spor 1,7 & 8)
- The Byrds The Notorious Byrd Brothers
- Glen Campbell Wichita Lineman
- The Carpenters Horizon; A Kind of Hush
- Eric Clapton Eric Clapton; Layla and Other Assorted Love Songs; Derek and the Dominos in Concert; Derek and the Dominos: Live at the Fillmore
- Gene Clark Gene Clark with the Gosdin Brothers
- Joe Cocker Mad Dogs and Englishmen
- Judy Collins Who Knows Where the Time Goes
- Alice Cooper Alice Cooper Goes to Hell;
- Crosby, Stills, Nash & Young Box Set
- Burton Cummings
- Delaney & Bonnie On Tour with Eric Clapton and Friends; To Bonnie From Delaney; D&B Together
- John Denver
- Donovan Life Is a Merry-go-round; Yellow Star; Operating Manual for Spaceship Earth; Lazy Daze
- Neil Diamond Beautiful Noise (conga, trommer, harmonivokal)
- The Everly Brothers Heartaches and Harmonies, Beat and Soul
- Art Garfunkel Angel Clare
- David Gates First
- Lowell George Thanks I'll Eat It Here
- Hall & Oates Bigger Than the Both of Us
- Merle Haggard Same Train, Different Time
- Albert Hammond It Never Rains in Southern California
- George Harrison All Things Must Pass; Extra Texture; Living in the Material World
- Jim Henson The Muppet Movie
- John Lee Hooker Endless Boogie
- Jim Horn Through the Eye
- Thelma Houston I've Got the Music in Me
- Incredible Bongo Band Apache
- Dr. John Sun, Moon and Herbs
- Carole King
- B.B. King In London; The Best of B. B. King
- John Lennon Imagine; Sometime in New York City
- Gordon Lightfoot Sundown; Gord's Gold; Cold on the Shoulder; Summertime Dream
- Manhattan Transfer Pastiche; Anthology: Down in Birdland
- Country Joe McDonald Classics
- Dave Mason Alone Together
- The Monkees Monkees; More of the Monkees; Instant Replay
- Maria Muldaur Maria Muldaur; Waitress in a Donut Shop
- Elliott Murphy Elliott Murphy; Lost Generation
- Tracy Nelson Time is on My Side
- Randy Newman Randy Newman; 12 Songs
- Harry Nilsson Nilsson Schmilsson; Aerial Ballet
- Van Dyke Parks Discover America
- Tom Petty Playback
- Emitt Rhodes American Dream
- Minnie Riperton Adventures in Paradise
- Johnny Rivers Last Boogie in Paris; Blue Suede Shoes; L.A. Reggae
- Linda Ronstadt Don't Cry Now
- Leon Russell The Shelter People; Will o' the Wisp
- Seals and Crofts Humming Bird
- John Sebastian Tarzana Kid
- Carly Simon No Secrets
- Phil Spector Back to Mono (1958–1969)
- B. W. Stevenson Pass This Way; Calabasas
- Barbra Streisand Barbra Joan Streisand
- Souther–Hillman–Furay Band
- Redeye Redeye
- Steely Dan Pretzel Logic
- John Stewart Phoenix Concerts
- Mel Tormé Mel Tormé Collection
- Traffic Welcome to the Canteen; The Low Spark of High Heeled Boys
- John Travolta Best of John Travolta
- John Valenti Anything You Want, 1976
- Andy Williams
- Judee Sill Heart Food
- Tom Waits The Heart of Saturday Night
- Mason Williams Classical Gas; Phonograph Record
- Frank Zappa Apostrophe ('); Läther; «Grand Wazoo» (turne) og «Petit Wazoo» (turne); Imaginary Diseases; Wazoo
- Phil Keaggy Love Broke Thru
- Peter Foldy
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jim Gordon» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ greggp (14. juli 2009). «Happy Birthday Jim Gordon». Daily Kos. Henta 7. juni 2014.
- ↑ «Jim Gordon». Drummerworld. Henta 7. juni 2014.[daud lenkje]
- ↑ «Layla’s 40th: The Where’s Eric! Interview With Bobby Whitlock».
- ↑ 4,0 4,1 Hermes, Will (oktober 29, 2006). «All Rise for the National Anthem of Hip-Hop». New York Times. Henta 7. juni 2014.
- ↑ 5,0 5,1 «The Haunted Talent Behind 'Layla' Jim Gordon Won A Grammy For Co-writing The Song That Eric Clapton Reprised In The '90s. But Honors Mean Little. Gordon Is Serving Time For The 1983 Slaying Of His Mother.». The Philadelphia Inquirer. Henta 7. juni 2014.
- ↑ Robinson, John (mars 16, 2011). «The curse of the Dominos». Daily Telegraph (London). Henta 7. juni 2014.
- ↑ Kirby, Terry (november 11, 2006). «Bloc Party's trommeslagaren is latest casualty of toughest job in rock». The Independent (London). Henta 7. juni 2014.
- ↑ «Names.. In The News». The Union Democrat. 11 juli 1984. Henta 7. juni 2014.