Opna hovudmenyen

Gullik Olsson Bolkesjø

norsk gardbrukar og politikar

Gullik Olsson Bolkesjø (2. desember 177715. desember 1859) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Gransherad i Telemark.

Gullik Olsson Bolkesjø
Fødd 2. desember 1777
Gransherad
Død

15. desember 1859
Gransherad

Yrke bonde, politikar

Far hans var gardbrukar på Bolkejsø. Sjølv tok han i si tid over farsgarden og dreiv denne. I 1839 vart han vald til ordførar i Hjartdal.

Bolkesjø var stortingsmann for Bratsbergs amt i 1827, på omframstortinget 1828, i 1833 og 1839. I 1827 var han medlem i komitear for berg- og skogvesen, 1833 av komiteen for gasje-, budsjett- og skattestellet, samt i 1839 av gasje- og pensjonskomiteen.

Han døydde på garden sin i Gransherad i 1859.

KjelderEndra