Gullinbuste eller Gyllenbuste (norrønt Gullinborsti) er ein galte i norrøn mytologi som tilhøyrer Frøy. Han blir også kalla Slidrungtanne (Slíðrugtanni).

Moderne teikning av Gullinbuste.
Frøy rir på Gullinbuste. Illustrasjon frå 1865.

Grisen blei laga av Ivalde-sønene Brokk og Eitre. Forteljinga om dette er attgjeven i Skaldskaparmål i Den yngre Edda. Gullinbuste har lysande bust som gjer natta så lys som dagen.[1] Han kan springa så raskt som ein hest, gjennom luft og over vatn.[2]

Frøy kan anten ri på grisen eller spenna han for ei vogn. I Husdråpa rir han på Gyllenbuste til Balder si gravferd, medan Snorre fortel i Gylfaginning at han dreg dit i ei vogn dregen av grisen.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Holtsmark, Anne (1896-1974) (1989). Norrøn mytologi: tru og mytar i vikingtida. Samlaget. s. 150. ISBN 8252133444. 
  2. Holtsmark, Anne (1896-1974) (1989). Norrøn mytologi: tru og mytar i vikingtida. Samlaget. s. 93. ISBN 8252133444.