Gullinkambe

(Omdirigert frå Gullinkambi)

Gullinkambe (norrønt Gullinkambi), stundom òg kalla Gullenkamme, er i norrøn mytologi ein hane som held til i Valhall.

Heimdall bles i Gjallarhorn. På hovudet gjel ein hane som kan vera Gullinkambi. Illustrasjon av Johan Lundbye frå 1907.

Hanen er nemnd saman med to andre hanar i Voluspå:

Gól um ásum
Gullinkambi,
sá vekr hölða
at Herjaföðrs;
en annarr gelr
fyr jörð neðan
sótrauðr hani
at sölum Heljar.[1]

Gól yver æser
Gullinkambe,
som hjå Herfader
heren vekkjer.
Ein annan gjel
i jordi nede,
sótraud hane,
i salom åt Hel.[2]

Kjelder

endre
  1. «Völuspá, vers 43». Sophus Bugge. 
  2. Ivar Mortensson-Egnund (1944). Edda-kvæde. Oslo: Samlaget. s. 14.