Heimdall
Heimdall (norrønt Heimðallr, Heimdallr) er ein av æsene i norrøn mytologi, i Edda kalla hvítastr ása ‘kvitast av æsene’ og hvíti áss ‘den kvite åsen’. Somme stader vert han likevel sett saman med vanene.
Heimdall vardar brua Bifrost (regnbogen) som bind Midgard saman med Åsgard. Soga fortel at han skal låta i Gjallarhornet og varsla æsene og einherjane når Ragnarok kjem. Heimdall er lagen å verta siste guden som døyr i Ragnarok, når han og Loke drep einannan.
Heimdall vorden (vaktaren) kan høyra graset gro, ulla veksa og lauvbladet falla, kan sjå til verdsens ende, og er allveg vak, treng mindre svevn enn ein fugl. Heimdall vert omtala som son av Odin.
Det finst ingen minne om at det har vore nokon religiøs kult kring Heimdall.
Namnetyding
endreSkal namnet Heimdall skiftast Heim-ðallr, kan fyrstelekken vera beint heim, medan andrelekken kan vera skyld toll, gamalnorsk þǫll eller þollr. Men þǫll vert nytta med tydinga ‘elv’ hjå Snorre, og Frøya har tilnamnet Mardǫll. Ut frå dette vert uttydinga av heile namnet eitkvart som «verdstreet» (jf. Yggdrasil), «verdselva» (jf. vintergata) eller «verdskjelda», jf. Rígsþula der Heimdall vert opphav til manneætta. Dette lyt likevel reknast som uvisst.
Figuren
endreHeimdall er son av ni møyar. Det finst mange døme på ni koner/systrer i norrøn mytologi, og talet ni ser ut til å symbolisera heilskapen i verda.
Heimdall bur på Himinbjǫrg, ‘himmelberget’. Dette er i dag eit stadnamn fleire stader i dei germanske landa.
Hesten hans Heimdall heiter Gulltopp, sjølv har Heimdall gulltenner, eller i minsto gule tenner, noko som gjev han tilnamnet Gullintanni. Andre tilnamn er Hallinskíði ‘hallande, bøygd skide’, som au vert nytta som kjenning for rambukk, og Vindhlér ‘vind-le’.
I Rígsþula går Heimdall gjennom verda og økslar dei tre samfunnsklassene trælar, karlar (frie bønder) og jarlar.
Tolking
endreGeorges Dumézil rekna Heimdall for ein gamal indoeuropeisk gud, og samanlikna han med den romerske Janus og den indiske Dyaus.
Religionsforskarar som Anders Bæksted og Folke Ström ser på Heimdall som personifiseringa av verdsaltet (kosmos) og samfunnsskipnaden.
Edda
endreI Edda syner Snorre til ein Heimdallargaldr som no er tapt:
«Eit sverd kann kallast Heimdalls hovud, for det er sagt at han vart gjenomstungen av eit mannshovud. Um det er det kvede i Heimdallargalderen, og sidan er hovudet kalla Heimdalls lagnad (mjǫtviðr); eit sverd vert kalla manns lagnad.»
Gylfaginning
endreI den bolken av Yngre Edda dei kallar Gylfaginning, finn me dette samandraget om Heimdall:
|
|
Kjelder
endreLesnad
endre- Bæksted, Anders (1994): Nordiske guder og helte, 1984 2. rev. Udg. 1994 ISBN 87-567-3897-8
- Grimm, Jacob (1854): Deutsche Mythologie (3. utgåva)
- Hoftun, Oddgeir. 2004. Menneskers og makters egenart og samspill i norrøn mytologi, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1451-2
- Hoftun, Oddgeir. 2001. Norrøn tro og kult ifølge arkeologiske og skriftlige kilder, Oslo: Solum Forlag. ISBN 82-560-1281-1
- Holtsmark, Anne. 1989. Norrøn mytologi : tru og myter i vikingtida, Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-3344-4
- Steinsland, Gro (2005): Norrøn religion: myter, riter, samfunn, Oslo: Pax forlag. ISBN 978-82-530-2607-7
- Ström, Folke (1985): Nordisk hedendom: Tro och sed i förkristna tid, Akademiförlaget ISBN 91-24-16206-X