Gulskolm eller gulflatbelg (Lathyrus pratensis) er ei plante i ertefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika.

Gulskolm
Gulskolm
Gulskolm
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Fabeae
Slekt: Erteknappslekta Lathyrus
Art: Gulskolm L. pratensis
Vitskapleg namn
Lathyrus pratensis

Planta er kring 40 cm høg med ein oftast snau stengel som kliv i andre plantar. Ho har spisse småblad som er 2-3 cm lange og store spisse øyreblad. Blomstrane er lysgule. Frukta er ein snau eller finhåra skolm som er rundt 30 cm lang.

Blome

Gulskolm blømer kring juli på eng, vegkantar og i småskog. Han er vanleg over heile Noreg, og er funnen opp til 1050 m i Hemsedal.

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Gulvial» frå Wikipedia på svensk, den 8. september 2010.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.