Nord-Afrika

den nordlegaste delen av det afrikanske kontinentet

Nord-Afrika er den delen av Afrika som ligg nord for Sahara, og skil seg språkleg, kulturelt og klimamessig frå resten av kontinentet. Området omfattar Vest-Sahara, Tunisia, Marokko, Algerie, Libya og Egypt. I vide definisjonar vert Mauritania, Sudan, Etiopia og Eritrea òg tekne med ettersom dei har hatt mykje av dei same kulturelle påverkingane frå Arabia og islam. I snevre definisjonar vert Egypt utelatt.

Landa i Nord-Afrika

Kultur endre

 
Frå Casbah i Marokko. (Foto: Andy Wright)

Innbyggjarane og kulturen i Nord-Afrika har røter frå både Afrika og Midt-Austen, men dei er i dag mest knytte til den arabisk-talande muslimske verda. Fleirtalet av menneska som bur der er muslimar, men ein finn òg kristne og jødar. Hovudspråka i området er ulike arabiske dialektar og berberspråk.

Ein kan dela regionen inn i tre ulike kulturelle område: Maghreb i nordvest), Sahara, og Nildalen i aust.

Dei vestlege områda i Maghreb og Sahara er prega av berbisk og arabisk kultur, i tillegg til tidlegare påverknad frå middelhavsfolk som nubiarar, grekarar, fønikarar, romarar og vandalar. I Sahara går eit skilje mellom fastbuande i oasar og nomadiske beduinar og tuaregar.

Nildalen kan spora kulturen sin tilbake til faraotida i det gamle Egypt, og har i tillegg til ein muslimsk majoritet grupper av kristen koptarar. Lenger sør i området bur hovudsakleg ikkje-muslimske nilotar og nubaer.

Historie endre

 
Spor etter kartaginarar og romararar i Libya. (Foto: Robert Bamler)

Opphavleg var innbyggjarane i det meste av Nord-Afrika svarte afrikanarar, men mange av desse forlet området då Sahara vart ein ørken. Ein av verdas eldste sivilisasjonar oppstod i Egypt for fem tusen år sidan. Sidan grunnla fønikarane og romarane koloniar langs kysten.

Området vart invadert av muslimske arabarar på 600-talet, og regionen med unntak av Marokko kom sidan med i Det osmanske riket. På 1800-talet vart det kolonisert av Frankrike, Storbritannia, Spania og Italia. Alle dei nordafrikanske statane vart sjølvstendige på 1950- til 1970-talet, bortsett frå nokre små spanske koloniar lengst nord i Marokko, og Vest-Sahara, som fortsatt er okkupert av Marokko.

Området hadde tidlegare ein stor jødisk busetnad, sefardiske jødar, som var komne dit under europeiske forfølgingar i renessansetida. Dei fleste av desse emigrerte til Frankrike eller Israel då dei nordafrikanske landa fekk sjølvstende. Medan det fanst 600 000–700 000 jødar i området før Israel blei til, er det i dag igjen berre rundt 15 000 i regionen.

Sjå òg endre

Geografiske område endre

Nasjon med flagg Areal
(km²)
Befolkning
(1. juli 2002 est)
Folketetthet
(per km²)
Hovudstad
Nord-Afrika:
  Algerie 2 381 740 32 277 942 13,6 Alger
  Egypt 1 001 450 70 712 345 70,6 Kairo
  Libya 1 759 540 5 368 585 3,1 Tripoli
  Marokko 446 550 31 167 783 69,8 Rabat
  Djibouti 23 000 472 810 20,6 Djibouti
  Eritrea 121 320 4 465 651 36,8 Asmara
  Etiopia 1 127 127 67 673 031 60,0 Addis Abeba
  Somalia 637 657 7 753 310 12,2 Mogadishu
  Mauritania 1 030 700 2 828 858 2 7 Nouakchott
  Djibouti 23 000 472 810 20,6 Djibouti
  Eritrea 121 320 4 465 651 36,8 Asmara
  Etiopia 1 127 127 67 673 031 60,0 Addis Abeba