Gunn-Elin Aa. Bjørneboe
Gunn-Elin Aasprong Bjørneboe (fødd 6. april 1956) er ein norsk lækjar. Ho har vore universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo sidan 2007.
Gunn-Elin Aa. Bjørneboe | |||
Fødd | 6. april 1956 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lege, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet |
Bjørneboe er utdanna cand.med. ved Universitetet i Oslo i 1983. Ho vart dr.med. same stad i 1987, og kandidat i helseadministrasjon i 1990.
Ho har vore stipendiat ved Statens rettstoksikologiske institutt og forskar ved Institutt for ernæringsforskning ved UiO. Sidan har ho vore administrativ leiar i Statens ernæringsråd, direktør i Statens ernæringsråd og hatt ulike direktørstillingar i Sosial- og helsedirektoratet.
Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er professor II ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø og professor II ved Avdeling for ernæringsvitskap ved UiO.
Kjelder
endre- Omsett frå «Gunn-Elin Aa. Bjørneboe», innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:21.
Bakgrunnsstoff
endre