Gunn Anita Jacobsen

Gunn Anita Jacobsen (fødd 19. august 1956) er ein norsk samisk politikar frå Kvænangen, som sat på Sametinget for Norske Samers Riksforbund i perioden 2017–2021. Ho møtte fast for Silje Karine Muotka som sat i sametingsrådet. Jacobsen vart vald frå Nordre valkrins og er medlem i oppvekst-, omsorg- og utdanningskomitéen, og i kontrollutvalet.

Gunn Anita Jacobsen

Fødd19. august 1956 (67 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkesjukepleiar, politikar

Ho arbeider til dagleg (per 2017) som spesialsjukepleiar.

Bakgrunnsstoff endre