Gunn Olsen

norsk politikar

Gunn Olsen (fødd 18. september 1952 i Kragerø, død 27. desember 2013) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant til Stortinget i perioden 1993–1997, og sat som fast stortingsrepresentant frå Telemark frå 1997. Olsen vart attvald i 2009, men tidleg i perioden måtte ho trekkje seg fordi ho var vorten alvorleg sjuk. Ho døydde av kreft 61 år gamal i 2013.[1][2][3]

Gunn Olsen

Fødd18. september 1952
Død27. desember 2013 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Gunn Olsen gjekk ut av Kragerø Handelsskole i 1969, og arbeidde deretter som kontorfullmektig i 21 år, fram til 1990. Ho hadde styreverv i mellom anna Kragerø Elektrisitetsverk og Sannidal og Skåtøy Sparebank. Olsen hadde ei lang lokalpolitisk forankring, ho var medlem av fylkestinget frå 1983 og var fylkesvaraordførar i Telemark i åra 1990–1995.

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. ««Tapte kampen mot kreften»». ta.no Telemarksavisa. 27. desember 2013. Henta 27. desember 2013. 
  2. Nynorsk pressekontor/NTB (27. desember 2013). ««Ap-politikar Gunn Olsen er død»». hordaland.no Hordaland. Henta 27. desember 2013. 
  3. Trond Nøstvold Tou (27. desember 2013). ««Gunn Olsen sovnet inn i morges»». kv.no Kragerø Blad Vestmar. Henta 27. desember 2013. 

Bakgrunnsstoff endre