Gunnar Gundersen
norsk politikar og symjar
Gunnar Adolf Gundersen (fødd 21. mai 1956 i Åsnes) er ein norsk politikar frå Høgre. Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark i 2005.
Gunnar Gundersen | |
![]() Gunnar Gundersen i 2017 Foto: Kjetil Ree | |
Fødd | 21. mai 1956 (67 år) Åsnes |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, symjar |
Utdanna ved | University of Wisconsin–Madison University of California, Berkeley |
Barn | Tore Andreas Gundersen |
Gundersen er utdanna økonom frå University of Wisconsin, Madison (1975–1979) med fordjuping i skogbruksøkonomi frå University of California, Berkeley (1981–1982). Han har arbeidd som forskingsassistent ved Institutt for skogøkonomi, NLH, administrerande direktør i Kappa Rena (1993–1997) og dagleg leiar i Åsnes næringshage. Han har også vore styreleiar i Norskog (1990–1994), Losby Bruk og Skogbrand.
Gundersen var leiar i Hedmark Høgre 2004–2006, og medlem av Åsnes kommunestyre 2003–2005.
Han dreiv tidlegare med symjing, har vunne norske og nordiske meisterskap og deltok i dei olympiske leikane 1976.
StortingskomitearEndra
- 2005–2009: Medlem i Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2009–2013: Medlem i Finanskomiteen
BakgrunnsstoffEndra
- Høgre - Biografi Arkivert 2010-08-08 ved Wayback Machine.