Gunnar Hellesen

norsk politikar

Gunnar Fredrik Hellesen (23. februar 19137. juli 2005) var ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Haugesund. Han var stortingsrepresentant 1961-69 for partiet Høgre, forsvarsminister 1970-71 i Borten-regjeringa og fylkesmann i Rogaland 1968-73.

Gunnar Hellesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. februar 1913
Haugesund kommune
Død

7. juli 2005 (92 år)
Haugesund kommune

Yrke politikar, faglitterær forfattar, banksjef, forretningsdrivande
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Hellesen var son til ein skipskaptein. Etter å ha gått både mellomskule og handelsskule arbeidde han som kontorist i forsikringsbransjen i tida 1929-35. Frå 1936 til -40 var han reiseinspektør i Haugesund Sjøforsikringsselskap. I august 1940 vart Hellesen arrestert for motstandsverksemd mot den tyske okkupanten i Noreg. Han vart dømd til døden, men gjeven nåde og sat sidan fengsla i Hamburg til 1945.

I 1945 tok Hellesen til som akkvisisjonssjef i Haugesund Sjøforsikringsselskap, ei stilling han hadde til han i 1959 fekk jobben som soussjef i selskapet.

Hellesen var medlem av Haugesund bystyre 1945–1963, og ordførar byen i 1955 og 1958-59. Perioden 1958-62 var han medlem av Høgre sitt landsstyre. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget frå Rogaland og var dei neste åtte sesjonane med i Finans- og tollkomitéen, bolken 1965-69 som formann i komiteen.

I 1968 utnemnde Borten-regjeringa Hellesen til fylkesmann i Rogaland, eit embete han aksla då stortingsperioden gjekk ut hausten 1969. Allereie året etter tok han over som sjef i Forsvarsdepartementet i same Borten-regjeringa, ein posisjon han hadde frå 5. juni 1970 til regjeringa gjekk av 17. mars 1971. Han slutta som fylkesmann i 1973 og vart banksjef i Den norske Creditbank si avdeling i Haugesund, ei stilling han hadde til 1980.

Hellesen var frå 1979 kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder endre