Gunnar Slettebakken
Gunnar Slettebakken (5. oktober 1936–6. mai 2012) var ein norsk jurist og bygdekunstnar. Han var fødd i Salhus, tok artium 1956 og juridicum 1963. I 1968 busette han seg på Sandane i Gloppen kommune, og var rådmann i kommunen fram til 1972. Han har vore lærar ved Firda gymnas i Gloppen og Langvin jordbruksskule i Stryn.
Gunnar Slettebakken | |
Fødd | 5. oktober 1936 |
Død | |
Yrke | romanforfattar |
Han har gjeve ut romanane Rapport frå Salhus (1971) og Ordførar Greta Svenssen (1972) på Samlaget, i tillegg omsette han fleire lærebøker til nynorsk. Slettebakken var òg ein aktiv kunstnar.
Bibliografi
endre- 1971 – Rapport frå Salhus : roman (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no
- 1972 – Ordførar Greta Svenssen : roman (Oslo: Samlaget). ISBN 8252101240 I fulltekst ved nb.no