Gunnar Stave
Gunnar Petter Stave (fødd 4. mars 1947 i Ørsta) er tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda og tidlegare leiar av Universitets- og høgskolerådet (UHR). Stave er cand.sosiol. (1974) frå Universitetet i Oslo og dr.polit. (1997) frå Universitetet i Trondheim.
Gunnar Stave | |||
Fødd | 4. mars 1947 Ørsta kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | sosiolog | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Universitetet i Trondheim | ||
Verv | Rektor ved Høgskulen i Volda 1997-2007 | ||
Føregangar | Sverre Måseidvåg | ||
Etterfylgjar | Jørgen Amdam |
Gunnar Stave vart rektor ved Høgskulen i Volda første gong 1. august 1997. Han vart attvald 7. mars 2000[1] og 3. mars 2003.[2] Han sat som rektor fram til 1. august 2007.
Gunnar Stave har vore nestleiar i Universitets- og høgskolerådet sidan samanslåinga i 2000 og fram til 2005. Han vart vald til leiar av Universitets- og høgskolerådet i UHRs representantskapsmøte 10. mai 2005.[3] Han vart UHRs tredje styreleiar 1. august 2005 og sat som leiar ut rektorperioden sin, som enda 1. august 2007.
Kjelder
endre- ↑ Høgskulen i Volda: Gunnar Stave attvald som rektor
- ↑ Høgskulen i Volda: Gunnar Stave attvald fram til 2007
- ↑ Pressemelding fra UHR: Rektor Gunnar Stave valgt til ny leder av UHR, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 4. august 2015
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Gunnar Stave i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Gunnar Stave i BIBSYS