Jørgen Amdam
Jørgen Einar Amdam (fødd 29. april 1945 i Ørskog) er ein norsk skulemann og politikar, kjend for sine arbeid om organisasjonsteori og regional politikk.
Jørgen Amdam | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1945 (79 år) Ørskog kommune |
Yrke | professor |
Verv | Rektor ved Høgskulen i Volda |
Periode | 2007-2011 |
Føregangar | Gunnar Stave |
Etterfylgjar | Per Halse |
Amdam er utdanna ved Norges Landbrukshøgskole til jordskiftekandidat i 1970. I 1974 tok han dr.scient.-graden. Han vart tilsett ved dåverande Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Møreforsking i 1973. I 1994 vart han utnemnd til professor i samfunnsplanlegging same staden. Amdam var rektor ved Høgskulen i Volda i perioden 1. august 2007 til 31. juli 2011.
I perioden hausten 2015 til hausten 2019 var Amdam ordførar i Volda kommune, der han representerte Arbeidarpartiet.
Jørgen Amdam er bror til professor Roar Amdam.
Utgjevingar
endre- Strategisk og mobiliserande planlegging : kommuneplanlegging etter dugnadsmetoden (Samlaget, 1990). Med Roar Amdam
- Teorier om samfunnsplanlegging (Universitetsforlaget, 1991). Med Noralv Veggeland
- Kommunikativ planlegging (Samlaget, 2000). Med Roar Amdam
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Jørgen Amdam i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- Publikasjonar av Jørgen Amdam i BIBSYS