Gunnekleivfjorden

Gunnekleivfjorden er ein liten fjordarm av Frierfjorden i Porsgrunn kommune i Telemark. Vestsida av fjorden består av den opphavlege halvøya Herøya, med Norsk Hydro sitt fabrikkanlegg, medan austsida høyrer til Skrapekleiv, ein del av bydelen Herøya i Porsgrunn. Fjorden har ei lengd på om lag 2 km.

Gunnekleivfjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Gunnekleivfjorden
59°7′0″ N 9°37′0″ E
Fjordsystemet i Grenland

Det naturlege innløpet til Gunnekleivfjorden er mot nord, der Porsgrunnselva munnar ut i Frierfjorden, men for lystbåttrafikken blei det i 1954 bygd ein kanal sør i fjorden, Herøyakanalen, som munnar ut nedanfor fabrikkanlegga i Frierfjorden gjennom ein tunnel.

Kjelder endre