Gunnekleivfjorden
(Omdirigert frå Gunneklevfjorden)
Gunnekleivfjorden er ein liten fjordarm av Frierfjorden i Porsgrunn kommune i Telemark. Vestsida av fjorden består av den opphavlege halvøya Herøya, med Norsk Hydro sitt fabrikkanlegg, medan austsida høyrer til Skrapekleiv, ein del av bydelen Herøya i Porsgrunn. Fjorden har ei lengd på om lag 2 km.
Gunnekleivfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Gunnekleivfjorden 59°07′00″N 9°38′00″E / 59.11667°N 9.63333°E |
Det naturlege innløpet til Gunnekleivfjorden er mot nord, der Porsgrunnselva munnar ut i Frierfjorden, men for lystbåttrafikken blei det i 1954 bygd ein kanal sør i fjorden, Herøyakanalen, som munnar ut nedanfor fabrikkanlegga i Frierfjorden gjennom ein tunnel.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gunneklevfjorden» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2008.