Gunningitt
Gunningitt er eit mineral som består av sinksulfat, ZnSO4·H2O. Det vert danna som eit sjeldant mineral ved forvitring av sfaleritt (sinkblende). Minerala goslaritt og bianchitt, som har høgare vassinnhald, er vanlegare.
Gunningitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | (Zn,Mn2+)SO4·H2O | ||
Strunz-klassifisering | 07.CB.05 | ||
Dana-klassifisering | 29.6.2.5 | ||
Krystallsymmetri | 2/m | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit til fargelaus | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Kløyv | Utydeleg | ||
Mohs hardleiksskala | ~2.5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Transparens | Gjennomskinneleg | ||
Spesifikk vekt | 3.195 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.570 nβ = 1.576 nγ = 1.630 | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Mineralet er kalla opp etter den kanadiske geologen Henry Cecil Gunning (1901–1991).
Det er påvist frå Glomsrudkollen på Modum.
Kjelder
endre- Gunningitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/gunningitt.
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/gunningite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ http://www.mindat.org/min-1778.html Mindat
- ↑ http://www.webmineral.com/data/Gunningite.shtml Webmineral data