Gupta

(Omdirigert frå Guptariket)

Gupta var eit indisk dynasti som herska over størsteparten av nordlege Sør-Asia på 300- og 400-talet. Guptahovudstaden var Pataliputra, dagens Patna i den indiske delstaten Bihar. Tsjandragupta I, Samudragupta og Tsjandragupta II er rekna som dei viktigaste guptaherskarane.

गुप्त राजवंश
Gupta Rājavaṃśa
Guptariket, Guptadynastiet

 

320–600-talet
Plasseringa til Gupta
Plasseringa til Gupta
Gupta under si største utstrekking (grått) og vassalstatar (grønt).
Hovudstad Pataliputra
Språk Sanskrit
Religion Hinduisme, buddhisme
Styreform Ikkje spesifisert
Historie
 - Oppretta 320
 - Opphøyrde 600-talet

Guptatida er rekna som gullalderen til det klassiske India, og førte med seg framsteg i astronomi, matematikk, naturvitskap, religion og filosofi. Lærde som Kalidasa, Aryabhata, Varahamihira og Prasjastapada verka på denne tida. Ein reknar òg med at dei eldste Puranaene blei skrivne under Gupta.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre

«Gupta» i Store norske leksikon, snl.no.