Guri Johannessen

norsk politikar

Guri Johannessen (fødd 2. november 1911 i Hol, daud 11. november 1972) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant frå Buskerud frå 1957 fram til ho døydde.

Guri Johannessen
Fødd2. november 1911
Hol kommune
Død11. november 1972 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Johannessen jobba i unge år som servitør og dreiv på 1930-talet ei kaffistove. Frå 1935 var ho husmor. Ho var medlem av Hol kommunestyre frå 1952 til 1959, dei siste para åra òg av formannskapet. I 1957 vart ho vald inn på Stortinget for første gong, og ho vart gjenvalgt tre gonger, men døydde i løpet av den siste perioden. Dei tre første periodane var ho medlem av sosialkomiteen, den siste av landbrukskomiteen.

Ho var medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet frå 1963 til ho døydde.

Kjelder endre