Guro Katharina Vikør
Guro Katharina Helwig Vikør (fødd 22. september 1950 i Ulvik) er ein norsk diplomat. Ho har vore norsk ambassadør til Bulgaria og Slovenia.
Guro Katharina Vikør | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. september 1950 (74 år) |
Yrke | diplomat |
Karriere
endreI 1979 byrja Vikør på Utanriksdepartementets aspirantkurs. Ho blei byråsjef i 1993 og underdirektør i 1999. I 1999 blei Vikør utnemnd til generalkonsul i Miami i USA.[1] Ho arbeidde deretter med kvinne- og likestillingsspørsmål som seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet.
Vikør blei utnemnd til ambassadør i Slovenia i 2008.[2] I 2012 blei ho utnemnd til ambassadør i Bulgaria.[3]
Utmerkingar
endreI 2009 forfremja Kong Harald Vikør til kommandør av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen «for embetsfortjeneste.»[4]
Kjelder
endre- ↑ Offisielt fra statsråd, 9. april 1999.
- ↑ Offisielt frå statsrådet 23. mai 2008.
- ↑ Offisielt fra statsråd 1. juni 2012, regjeringen.no, besøkt 23. juni 2012.
- ↑ Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no.
- Denne artikkelen bygger på «Guro Katharina Vikør» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2024.