Gursken
62°13′59.070″N 5°34′27.077″E / 62.23307500°N 5.57418806°E Gursken er ein fjordarm av Sandsfjorden på sørvestsida av Gurskøya i Sande kommune på Sunnmøre. Fjorden er smal, frå 300 m til 1100 m og strekkjer seg 6,5 km søraustover. På det djupaste er han 51 meter.
Fjorden ligg på nordsida av Nupeneset og Nupen. Stort sett heile nordsida, og sørsida i den indre halvdelen, av fjorden er busett med mindre bruk og grender.