Guru Har Gobind
(Omdirigert frå Guru Hargobind Singh dji)
Guru Har Gobind (19. juni 1595–3. mars 1644) var den sjette av dei ti sikh-guruane. Han vart guru den 25. mai 1606 som etterfølgjar etter far sin, guru Ardjan Dev, som blei avretta av stormogulen Jahangir.[1]
Guru Har Gobind | |||
| |||
Sikh-guru | |||
Fødd | 5. juli 1595 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Guru ki Vadali | ||
Død | 19. mars 1644 | ||
Dødsstad | Kiratpur Sahib | ||
Far | Guru Ardjan Dev | ||
Barn | Guru Teg Bahadur, Baba Gurditta | ||
Føregangar | Guru Ardjan Dev | ||
Etterfølgjar | Guru Har Rai |
Føre guru Har Gobind døydde, utnemnde han Har Rai, barnebarnet sitt, som den neste sikh-guruen.
Dette er eit samandrag av høgdepunkta i livet hans:
- Han omforma sikh-samfunnet ved å innføre kampsportar og våpen for forsvar av massene etter at far hans døydde som martyr.
- Han militariserte sikh-rørsla; sjølv bar han to sverd — Miri og Piri.
- Han bygde Akal Takht i 1608 — dette er no ein av dei fem takhtane (styreseta) for sikhane.
- Han grunnla byen Kiratpur i Jalandhar i Panjab.
- Han sat som fange på fortet i Gwalior i eitt år, og da han vart frigjeven insisterte han på at dei andre 52 fangane der måtte frigjevast òg. Til minne om denne hendinga feirar sikhane divali.
- Han var den første sikh-guruen som gjekk ut i strid.
- Han slost fire slag mot Mughal-makta.
Kjelder
endre- ↑ HS Syan (2013), Sikh Militancy in the Seventeenth Century, IB Tauris, ISBN 978-1780762500, pages 48-55
Bakgrunnsstoff
endreAllAboutSikhs.com Arkivert 2007-08-07 ved Wayback Machine., Sikhs.org, Sikh-History.com Arkivert 2012-10-28 ved Wayback Machine.