Gustav Rasmussen

norsk skribent og politikar

Gustav Rasmussen (fødd 24. august 1946) er ein norsk Ap-politikar og diktar frå Stord.

Gustav Rasmussen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1946 (78 år)
Yrke politikar, skribent
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Gustav Rasmussen er tilsett som arbeidsleiar i Aker Stord. Han er vidkjend for dei små humoristiske dikta, eller morgonsteva som han kvar morgon sender ut til hundrevis av tilsette i Aker Kværner. Han har og gjeve ut boka «Skråblikk», som inneheld eit utval av morgonsteva hans. Rasmussen representerer Stord Arbeidarparti i kommunestyret og formannskapet i Stord kommune.