Aker Solutions

(Omdirigert frå Aker Kværner)

Aker Solutions (tidl. Aker Kværner) er eit norsk, multinasjonalt industri-konsern som vart til etter ei samanslåing av Aker Maritime og Kværner. Hovudaksjonær er Kjell Inge Røkke gjennom selskapet Aker ASA, som han kontrollerer. Selskapet har om lag 24 000 tilsette i 30 land og omsetnaden i 2004 var på 35,6 milliardar kroner. Fram til 3. april 2008 heitte konsernet Aker Kværner.

Aker Solutions


Org.formAksjeselskap (OSE: AKSO)
Org.nr.913748174
Skipa2004
EigarAker Holding (40,27 %)
DotterselskapAker Business Services

Aker Egersund
Aker Elektro
Aker Engineering & Technology
Aker MH
Aker Offshore Partner
Aker Powergas Pvt.
Aker Process Systems
Aker Pusnes
Aker Stord
Aker Solutions US

Aker Verdal
HovudkontorStavanger/ Fornebu
LandNoreg
StyreleiarØyvind Eriksen
Tilsette23 000
Salsinntekter1 857 000 000 norsk krone (2022)[1]
Omsetnad1 857 000 000 norsk krone (2022)[1]
Resultat1,51 mrd NOK
Nettstadhttps://www.akersolutions.com (engelsk)

Forretningsområda i selskapet er innanfor petroleumsverksemd, raffinering og kjemikaliar, gruvedrift og metall, papirmasse og papir, kraftforsyning. I tillegg driv selskapet innan farmasi og bioteknologi.

I Noreg har Aker Solutions verksemd på desse stadene: Stord, Verdal, Ågotnes, Arendal, Kristiansund, Mongstad, Oslo (inkl. Lysaker), Stavanger (inkl. Hinna), Bergen (inkl. Sandsli), Stjørdal, Trondheim, Høyanger, Mosjøen, Odda, Kristiansand, Egersund, Lier og Moss.

I 2005 stilte Amnesty International spørsmål om Aker Solutions sitt engasjement i den omstridde amerikanske fangeleirenGuantanamo. Ei rekkje andre aktørar, mellom andre OECD har òg kritisert Aker Solutions for innblandinga i denne basen.

Aker Solutions sin marknadsverdi på Oslo Børs var per 21. juli 2009 på 14,1 mrd NOK (ned frå toppen før finanskrisa hausten 2008 på om lag 33,5 mrd NOK).


Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Aker Solutions