Gustav Vasas bibel
Gustav Vasas bibel er det vanlege namnet på den svenske bibelomsetjinga som blei gitt ut i 1540-41. Heile tittelen på bibelen var Biblia / Thet är / All then Helgha Scrifft – Bibelen / det er / heile den Heilage Skrifta /.
Dei som stod bak omsetjinga var Laurentius Andreae og Petri-brørne Olaus og Laurentius. Blant desse er det erkebiskop Laurentius som blir rekna som den største bidragsytaren.
Bibelen følgjer tett på den tyske versjonen av Martin Luther frå 1526, ikkje berre i språk, men også i typografi og bruk av fontar i det heile.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gustav Vasas bibel» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2024.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Nationalencyklopedin, Gustav Vasa Bible