Bibelomsetjing kan vera det å omsetja Bibelen til ulike språk, eller til særskilde omsetjingar av boka. På mange språk finst det fleire utgåver som viser at det er mogleg å gje att teksten på ulike måtar.

Codex Gigas (latin for 'den store boka') frå 1200-talet, også kalla Bibelen til djevelen, er no ved Kungliga biblioteket i Stockholm.

Omsetjing av Bibelen endre

Tekstane i Bibelen blei opphavleg skrivne på hebraisk, arameisk og gresk. Det gamle testamentet blei hovudsakleg skrive på hebraisk, men nokre få delar blei skrivne på arameisk. Det nye testamentet blei skrive på gresk. Nokre oldkyrkjelege kjelder antydar at Matteusevangeliet fyrst blei skrive på hebraisk, slik at den eksisterande greske «grunnteksten» ville vera ei omsetjing i seg sjølv, men moderne forskarar tviler på at dette er korrekt (Matteus verker å ha Markus-evangeliet som kjelde, og det siste er utvilsamt ein original gresk komposisjon). Nokre har halde fram at også andre delar av NT opphavleg kan ha vore skrivne på hebraisk eller arameisk.

Historie endre

 
Septuaginta-fragment frå 600-talet.

Den fyrste omfattande omsetjinga av Det gamle testamentet som er kjend var omsetjinga kjend som Septuaginta. På 200-talet f.Kr. gjekk judearar i gang med å omsetja dei heilage skriftene sine frå hebraisk til gresk. Dette fann stad i Alexandria i Egypt. Det blir fortalt at syttito personar tok del i arbeidet, seks frå kvar stamme. Namnet Septuaginta betyr «verket til dei sytti».

Tidlege omsetjingar endre

 
Side frå Codex Argenteus, ei kjend utgåve av den gotiske omsetjinga av Bibelen.

Det blei laga omsetjingar til syrisk og fleire andre språk i dei fyrste hundreåra etter vestleg tidsrekning. Den syriske omsetjinga som er kjend som Peshitta blei kanskje laga så tidleg som det andre hundreåret. Det er bevart mange handskrifter av denne omsetjinga.

Ganske tidleg blei det laga omsetjingar til koptisk. Etterkvart blei det skrive utgåver av Bibelen på fleire koptiske dialektar, der dei viktigaste er sahidisk og bohairisk.

Det blei laga nokre tidlege latinske omsetjingar, som er kjende som Vetus Latina. Desse omsetjingane var utbreidde i Europa og nordlege Afrika, og er kjende frå fleire eksemplar. Ei kjend omsetjing til latin blei gjort av Hieronymus, sekretæren til pave Damasus I. Ho blei ferdig kring 405. Denne omsetjinga av både GT og NT til latin er kjend som Vulgata («folkets bok»). Ho blir framleis brukt i den katolske kyrkja.

På 300-talet blei det laga ei gotisk omsetjing av misjonsbiskopen blant gotarane, Wulfila. Denne omsetjinga er ikkje bevart i heilskap, men ho blir framleis sett på som viktig for språkforskarar i høve til det gotiske språket.

Mellomalderske omsetjingar endre

 
Ei side frå den fyrste norske bibelomsetjinga (til norrønt), Stjórn.

Bibelen blei omsett til armensk på 400-talet takka vera Mesrop Masjtots og andre omsetjarar.

På 500-talet blei det laga ei omsetjing til georgisk. Frå rundt 1100-talet stammar Vanievangelia.

Ein byrja truleg utarbeida omsetjingar til arabisk frå og med 600-talet, men den eldste ein heilt sikkert veit om er frå 700-talet. Saadia Gaon, ein jødisk lærd, laga ei omsetjing av Det gamle testamentet på 900-talet.

I tidleg mellomalder var det få eller ingen omfattande omsetjingar av Bibelen til talespråk. Ein omsette likevel delar av Bibelen. Fleire av bøkene i han blei omsette til angelsaksisk, som engelsk har utvikla seg frå. Beda den ærverdige var med på å omsetja delar av Bibelen. Truleg fanst det òg omsetjingar til gammalhøgtysk. Bibeltekstar som blei lesne ofte fanst truleg på fleire språk. Desse blei lesne opp i kyrkja når prestane heldt preiker.

Kyrillos og Methodios omsette Bibelen til gammalslavisk på 800-talet. Dei fann òg opp det glagolittiske alfabetet, som blei vidareutvikla til det noverande kyrilliske alfabetet.

I 1079 kunngjorde pave Gregor VII ei fråsegn om at Bibelen ikkje skulle omsetjast. Snart blei det straffbart fleire stader om ein gjorde det, eller om ein hadde ein bibel på morsmålet sitt. I tida som følgde var det mange som omsette Bibelen i skjul med fare for straff.

På 1170-talet var det ei gruppe personar i det sørlege Frankrike og nordlege Spania som gjekk ut av kyrkja og danna eit eige samfunn. Leiarskikkelsen for denne gruppa var Petrus Valdéz, og dei blei kjende som valdensarar. Valdez sørgde for at Bibelen kom ut på provencalsk.

John Wycliffe var ein engelsk prest på 1300-talet som kritiserte åtferda til prestane, og han er kjent som «morgonstjerna til reformasjonen». Han sørgde òg for at NT blei omsett til engelsk.

I Noreg vart den første norske bibelen omsett kring 1310 for Håkon V Magnusson. Denne bibelen, som er kjend under namnet Stjórn (‘Styre’), inneheldt Mosebøkene, dei historiske bøkene fram til 2. kongebok med tillegg frå Krønikebøkene og ei alternativ utgåve av Josvas bok.

Reformasjon og omsetjing endre

 
Martin Luther som bibelomsetjar, måla av Eugene Siberdt.

Jan Hus var ein ein tsjekkisk religiøs tenkjar som levde på 1400-talet. Han blir rekna som ein tidleg reformator, og sørgde òg for at det blei laga ein einskapleg bibel på tsjekkisk.[1]

Under reformasjonen blei det laga ei rekkje omsetjingar, og nokre gongar fekk det dramatiske følgje for dei som laga dei. Martin Luther utforma ei tysk omsetjing. Denne omsetjinga blei snart populær i Tyskland. Samtidig var det folk som ønskte å omsetja Bibelen til andre språk, og mykje av trykkinga fann stad i Antwerpen. Ein av dei mest kjende omsetjarane var den engelske presten William Tyndale. Han og medhjelparane hans omsette Bibelen, og opplevde kraftig motstand. Ein gjorde undersøkingar og beslagleggingar i trykkeria, og mange biblar blei brunne. Tyndale sjølv blei til sist arrestert. Han blei avretta ved kveling og deretter brunnen på bålet. Ikkje lenge etterpå blei likevel omsetjinga hans godteken.

Etter reformasjonen i Danmark-Noreg og elles i Norden kom det biblar på dansk i 1543 og 1550 («Reformasjonsbibelen»), svensk (1541, Gustav Vasas bibel, islandsk (1584) og finsk (1548), men ikkje på norsk.

Bibelselskap og moderne omsetjingar endre

Det norske bibelselskapet blei stifta i 1816, men brukte dei første nitti åra til å trykke opp danske biblar. I 1904 gav bibelselskapet ut ei bibelutgåve der delar av ordforrådet var fornorska. Det første nynorske nytestamentet kom i 1870, den fyrste nynorske bibelen kom så seint som i 1921.[2] Den fyrste samiske Bibelen kom i 1895, omsett av Lars Jacobsen Hætta, med utgangspunkt i Niels Vibe Stockfleth si omsetjing av Det nye testamentet i 1840. Den neste nordsamiske Bibelen, på rettskrivinga frå 1979, blei lansert i Kautokeino i 2019.

Heile eller delar av bibelen er omsett til 2355 språk, eller til om lag 4/6 av språka i verda, dvs. til bortimot alle språka med meir enn ca. 1000 talarar. Mange ser på dette arbeidet som kulturimperialisme, men samtidig utgjer dette arbeidet både eit steg på vegen mot å utvikle skriftspråk og lesekunne, og det er også den kanskje viktigaste kjelda til kunnskap om ulike språk. Verdas største bibelomsetjar institusjon er Summer Institue of Linguistics (SIL), ein institusjon som også står bak www.ethnologue.com, den viktigaste nettstaden til kjennskap om den sosiolingvistiske stoda til fleirtalet av verdas språk.

Snart var bibelomsetjing blitt eit særs utbreidd arbeid, og Bibelen blei gjeven ut på dei fleste store europeiske språka. På fleire språk har Bibelen vore den første boka som er blitt skriven. Fleire misjonærar sin innsats med bibelomsetjing gjorde at språk som ikkje tidlegare hadde litterære tradisjonar, fekk skriftspråk.

Dei sameinte bibelselskapa endre

Det er blitt danna fleire bibelselskap dei siste hundreåra, og dei har hatt som hovudoppgåve å gje ut Bibelen og å laga omsetjingar av han. Dei har òg revidert, det vil seia å fornya språket, i eldre bibelomsetjingar.

Det finst 143 uavhengige bibelselskap i verda med arbeid i omtrent 200 land. Desse samarbeider i fellesskapet Dei sameinte Bibelselskapa, med målsetjinga «Visjon 2025», som har som mål at alle språka i verda har delar av Bibelen omsett innan 2025.

I årsrapporten frå Dei sameinte bibelselskapa for 2005 kom det fram at Bibelen fanst på 2 403 språk, anten i fullstendig eller delvis omsetjing, med minst ei av bibelbøkene. Omsetjingar med utdrag av viktige bibelsitat fanst på endå fleire språk.

Ved utgangen av 2006 var heile Bibelen omsett til 429 språk, medan delar av han var omsett til heile 2 426 språk. Det finst over 6 500 språk i verda, men ifølgje Dei sameinte Bibelselskapa kan 95 prosent av folka på jorda no teoretisk lesa Bibelen på eit språk dei forstår.[3][4]

Nokre bibelomsetjingar endre

Kjelder endre

  1. Blekastad, Milada; Langhelle, Svein Ivar (22. januar 2023). «Jan Hus». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Elstad, Hallgeir (23. januar 2023). «Det Norske Bibelselskap». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. United Bible Societies. «Latest News #390». January 23, 2007 PDF-format
  4. United Bible Societies. «Latest News #390 – A Statistical Summary of Languages with The Scriptures». 23. januar 2007