Gustave Whitehead

Gustave Albin Whitehead (fødd Gustav Albin Weisskopf (1. januar 187410. oktober 1927) var ein luftfartspioner som emigrerte frå Tyskland til USA der han konstruerte og bygde seilfly, flymaskiner og motorar i perioden 1897–1915. Det er usemje om i kva grad han flaug eit motordrive fly med hell fleire gonger i 1901 og 1902, dermed før Wright-brørne si fyrste flyging.

Gustave Whitehead

Statsborgarskap Tyskland, USA
Fødd 1. januar 1874
Leutershausen
Død

10. oktober 1927 (53 år)
Bridgeport

Yrke luftfartsingeniør, oppfinnar, ingeniør, flygar, seilflyger
Språk tysk, engelsk
Gustave Whitehead på Commons
Teikninga som følgde ein avisartikkel

Mykje av Whiteheads omdømme kviler på ein avisartikkel som vart skriven som ein augevitnerapport om eit motordrive fly bygt av Whitehead i Connecticut den 14. august 1901. Dusinvis av aviser i USA og rundt om i verda gjentok artikkelen. Fleire lokale aviser rapporterte om dette i tillegg til andre flyeksperiment som Whitehead skal ha utført i 1901 og seinare år.[1] Whitehead sin flykonstruksjon og eksperiment vart skildra eller omtalt i artiklar i Scientific American og i ei bok i 1904 om industriell utvikling. Den offentlege profilen hans falma etter rundt 1915 og han døydde relativt ukjend i 1927.

Kjelder endre

  1. Gustave Whitehead Book FAQ, arkivert frå originalen 20. oktober 2018, henta 10. oktober 2018 

Bakgrunnsstoff endre