Bridgeport er ein hamneby sørvest i delstaten Connecticut i USA[3] med 148 654 ibuarar (2020).[4] Han ligg ved utløpet av Pequennock-elva i Long Island-sundet, om lag 80 kilometer nordvest om New York by.[3] Bridgeport er del av eit storbyområde som også omfattar Stamford og Norwalk og til saman har kring 950 000 ibuarar.[3] Folketalet gjekk sakte tilbake fram mot 2000, men har sidan stige til kring 1930-nivå.[3]

Bridgeport
by
Land  USA
Areal 50,312475 km²
Folketal 148 654 (1. april 2020)[1][2]
Kart
Bridgeport
41°11′00″N 73°12′00″W / 41.183333333333°N 73.2°W / 41.183333333333; -73.2
Wikimedia Commons: Bridgeport, Connecticut

Tenesteytande næringar, så som finansverksemd, helsetenester og undervisning, sysselset ein stor del av arbeidsstokken. Tidlegare spelte industrinæringar hovudrolla i økonomien.[3]

Soge endre

Jordbruk og fiske var viktigaste næringsvegane då europeiske folk slo seg ned her i fyrste halvdel av 1600-åra.[3] Ein landsby voks fram på 1760-talet og ekspanderte gjennom handel med kystbyane Boston, New York, Baltimore og med Karibia.[3] Byen fekk namnet Bridgeport i 1800, og vart eit handelssenter, mykje basert på kvalfangst og skipsbygging.[3] Etter det i 1849 kom jarnbane mellom New York og New Haven vart Bridgeport snøgt ein industriby. I tida 1870-1910 var Bridgeport viktigaste industristaden i Connecticut. Her vart framstelt elektrovarer, transportutstyr, maskinverkty, våpen, skrivemaskinar, bildelar og matvarer. Industrinæringane vart sterkt svekka i 1970- og 1980-åra og talet på fattige steig.[3]

Ymse endre

Barnum Museum, til minne om sirkuseigaren Phineas T. Barnum, er ein kjend attraksjon i byen.[3] Bridgeport er elles kjent for mange offentlege parkar.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bridgeport