Guy Périllat (fødd 24. februar 1940) er ein fransk tidlegare alpinist frå La Clusaz i Haute-Savoie. Han vart verdsmeister i 1960 og 1966, og vann i alt seks VM- og OL-medaljar i tida 1960-68.

Guy Périllat

Guy Périllat i 1966
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 24. februar 1940 (84 år)
La Clusaz
Yrke alpinist
Språk fransk
Høgd 168 centimeter
Guy Périllat på Commons

Périllat VM-debuterte i Bad Gastein i 1958 og kom som best på ein delt åttandeplass i utforrennet under VM i alpine greiner 1958. Under vinter-OL 1960 i Squaw Valley vann han bronsemedaljen i utfor, og med ei god plassering, sjetteplass i slalåm, vart Périllat verdsmeister i kombinasjonen, ei øving som ikkje var del av OL-programmet..

Under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix tok han sølvmedaljen i slalåm, bak landsmannen Charles Bozon. I utfor vart han nummer seks. Han deltok i alle tre øvingane under Vinter-OL 1964, der sjetteplassen i utfor vart hans resultat.

Sommaren 1966 vann Périllat sitt andre VM-gull. Under VM i alpine greiner 1966 i Portillo i Chile gjekk han heilt til topps i storslalåm og tok sølv i slalåmrennet.

I byrjinga av året 1967 vann Périllat to slalåmrenn i de nyskipa verdscupen i alpine greiner, den fyrste i Megève og den andre i Madonna di Campiglio. I Campiglio vann han også storslalåm-tevlinga og kombinasjonen, tevlingar som ikkje stod på verdscup-programmet. Périllat tok si andre olympiske medalje då han under Vinter-OL 1968 i Grenoble kom på sølvplass i utfor, slått av landsmannen Jean-Claude Killy med åtte hundredels sekund. I storslalåm vart Périllat nummer fire.

Han vart kåra til årets idrettsmann i Frankrike i 1961. Åra 1962-67 vann han åtte franske meistertitlar i alpine øvingar. Han la opp som aktiv alpinist ei 1969.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar