Opna hovudmenyen

György Sárosi

ungarsk fotballspelar

György Sárosi (16. september 191220. juni 1993) var ein ungarsk fotballspelar og trenar, fødd i Budapest og død i Genova. Senterløparen var ein av dei beste fotballspelarane i verda i siste halvdelen av 1930-åra.

György Sárosi
Sarosi Gyorgy.jpg
Fødd 16. september 1912
Fødestad Budapest
Død 20. juni 1993
Dødsstad Genova

KlubbspelEndra

Sárosi byrja spele fotball på Mugyetemi. Allereie i 1929 gjekk han over til storklubben Ferencváros, der han var aktiv heilt til han la opp i 1948. Med Ferencváros vann han fem gongar den ungarske fotballserien og like mange gongar den nasjonale cupmeisterskapen. Tre sesongar var han toppskårar i den nasjonale serien. Ved fire høve var Sárosi med å spele Ferencváros fram til finale i mitropacupen, ei klubbturnering for lag i Mellom-Europa i tida 1927-40, einast i 1937 stod han att som vinnar av cupen i 1937. Med 49 mål på 43 kampar var han den klare skyttarkongen i turneringa. I alt spelte Sárosi 383 meisterskapskampar for Ferencváros og skåra 351 mål.

LandslagsspelEndra

Sárosi spelte 62 landskampar i tida 1931-43 og skåra 42 mål. Han deltok i Fotball-VM 1934 og 1938 og skåra i alle sine fem VM-kampar. I 1938-meisterskapen var han lagkaptein og reduserte til 1-3 då Ungarn i Marseille den 19. juni tapte finalen mot Italia med 2-4. 19. september 1937 skåra Sárosi sju mål då Ungarn på heimebane i Budapest slo Tsjekkoslovakia 8-3, i den andre omgangen stod han for to ekte hattrick, det fyrste innom elleve minuttar, det andre på åtte minuttar.

MerittarEndra

  • VM-sølv: 1938 for Ungarn
  • Vinnar av mitropacupen: 1937 med Ferencváros
  • Ungarsk seriemeister: 1932, 1934, 1938, 1940 og 1941 med Ferencváros
  • Ungarsk cupmeister: 1933, 1935, 1942, 1943 og 1944 med Ferencváros

TrenarEndra

Frå 1948 til 1960 var Sárosi trenar for sju ulike klubblag i Italia, mellom andre Juventus som han i 1952 leidde til siger i Serie A.

KjelderEndra