Gyala Peri
Gyala Peri (kinesisk: 加拉白垒) er eit 7 294 meter over havet høgt fjell i Tibet i Kina, straks aust for Himalaya, ved inngangen til den djupe elvedalen forma av Yarlung Tsangpo. Fjelltoppen er den høgste i fjellkjeda Nyenchen Tanglha og vert dermed rekna til Transhimalaya. Gyala Peri ligg rett nord for Yarlung Tsangpo-elva, som i India får namnet Brahmaputra.
Gyala Peri var bestige fyrste gongen i 1986 av tre japanske klatrarar, som tok seg opp langs søregga. Gruppa trong over seks veker for å gjennomføre turen. Ingen har sidan vore til topps (2012).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gyala Peri» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2014.