Gyda Christensen

Gyda Christensen Hambro (21. mai 187220. august 1964) var ein norsk skodespelar, dansar, koreograf og teatersjef.[1]

Gyda Christensen
Gyda Christensen TM.T01527.jpg
Fødd21. mai 1872
FødestadChristiania
Død20. august 1964 (92 år)
DødsstadOslo
Verka somskodespelar, filmregissør, koreograf, dansar
EktefelleHalfdan Christensen, Carl Joachim Hambro, Georg Monrad Krohn
BornLillebil Ibsen
PrisarKongens fortenestmedalje

Ho var ved Christiania Theater 1894-1899 og 1920-28, ved Nationaltheatret 1899-1919 og som dansar og i leiinga ved Det Nye Teater 1928-45. Mellom 1936 og 1939 instruerte ho ved Nationaltheatret. Mellom 1909 og 1910 gav ho nyskapande Chopin-tolkingar med Karl Nissen og blei leiar for ballettskulen ved Nationaltheatret. Ho gjekk sjølv i skule hjå Emilie Walbom i København, som dottera Lillebil Ibsen debuterte frå i 1911. I 1937 regisserte ho filmen To levende og en død saman med svigersonen Tancred Ibsen.

Ho var fødd Gyda Martha Kristine Andersen. Den første ektemannen hennar, mellom 1893 og 1903, var ingeniør Georg Monrad Krohn.[2] Dei fekk dottera Lillebil Ibsen i 1899. Den andre ektemannen hennar var teatersjef ved Nationaltheatret, Halfdan Christensen 1905-1922.[3] Ho var gift 3. gong med politikaren Carl Joachim Hambro d.e. frå 1946.

UtmerkingarEndra

ReferansarEndra

  1. «Gyda_Christensen» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Levin, Mona (2. februar 1985). «Varm, klok og streng». Aftenposten s. 23. 
  3. Levin, Mona (2. februar 1985). «Varm, klok og streng». Aftenposten s. 23.