Gyda Klingenberg

norsk skodespelar

Gyda Hedevig Klingenberg (10. juli 182630. desember 1906) var ein norsk skodespelar.[1][2] Ho var tilsett ved Christiania Theater i Christiania.

Gyda Klingenberg

Fødd10. juli 1826
FødestadTrondheim
Død30. desember 1906 (80 år)
DødsstadChristiania
Verka somskodespelar
FarJohan Nicolai Klingenberg

Familie endre

Gyda Klingenberg var fødd i Trondheim som dotter av futen Johannes Nicolai Hanssøn Klingenberg og Benedicte Sommerfeldt. Ho ovar syster av ingeniøroffiseren Johannes Benedictus Klingenberg og futen Olaf Hannibal Sommerfeldt Klingenberg. 24. desember 1857 blei ho gift i Fredrikstad med cand. jur. og kopist i Indredepartementet Valentin Georg Siewers (1822-1901).

Liv og virke endre

Saman med Laura Svendsen var Klingenberg den fyrste norsk-språklege skodespelaren som blei tilsett ved Christiania Theater i Kristiania, der det tidlegare berre hadde arbeidd danske sceneartistar.

Ho debuterte 23. desember 1849, og vekte stor oppstand i rolla som Ingeborg i Dronning Margaretha. Kritikarane hadde håp om at ho skulle innføre det norske språket på teaterscena i Noreg.

Klingenberg avslutta karrieren etter nokre år, og hadde dermed ein framgangsrik men kort karriere.

Roller i utval endre

Kjelder endre

  1. Blanc, Tharald Høyerup: Christiania theaters historie 1827-1877, J.W. Cappelen Christiania
  2. Blanc, Tharald Høyerup (1899). «Christiania Theaters historie: 1827-1877». www.nb.no (på norsk). J.W. Cappelens Forlag. Henta 27. august 2018. 
  3. Den Frimodige 1850.03.05. 1850. s. 3. 
  4. Den Norske Rigstidende 1850.04.13. 1850. s. 1. 
  5. Morgenbladet 1854.12.03. 1854. s. 1. 

Bakgrunnsstoff endre