Waldemar Thrane
Waldemar Thrane (8. oktober 1790–30. desember 1828) var ein norsk komponist, fiolinist og orkesterleiar. Han er rekna som Noregs viktigaste musikar først på 1800-talet og ein pioner i norsk musikk.[1]
Waldemar Thrane | |
![]() | |
Fødd | 8. oktober 1790 |
---|---|
Fødestad | Christiania |
Død | 30. desember 1828 (38 år) |
Dødsstad | Christiania |
Opphav | Noreg |
Sjanger | opera |
Instrument | fiolin |
Verka som | komponist, dirigent, musikar |
Far | Paul Olsen Thrane |
Waldemar Thrane vart fødd i Christiania (no Oslo). I 1814–15 studerte han hjå fiolinisten Baillot i Paris.[treng kjelde]
Komposisjonane hans har kjenneteikna til wienerklassisismen — den vanlege stilen i Europa på den tida. I syngjespelet Et Fjeldeeventyr (1824) vart òg norsk folkemusikk brukt som kjelde — ofte rekna som det første steget på vegen mot ein nasjonal norsk musikkultur. «Aagots Fjeldsang» har ein innleiande lokk og er dermed den einaste songen i syngjespelet med eit nasjonalt element. Resten av Et Fjeldeventyr vert sunge av byfolk eller embetsmenn. Vi møter allereie det såkalla «Griegske ledemotiv» i lokken (fallande sekund og ters) fleire stader i lokken, til dømes i det avsluttende utbrotet «Aa stakkar».
KjelderEndra
- ↑ Andersen, Rune J. (30. september 2019). «Waldemar Thrane». Store norske leksikon (på norsk).
- Denne artikkelen bygger på «Waldemar Thrane» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2005.