Gyllenlakk

planteart
Gyllenlakk
Gyllenlakk
Gyllenlakk
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Erysimeae
Slekt: Gullslekta Erysimum
Art: Gyllenlakk E. cheiri
Vitskapleg namn
Erysimum cheiri

Gyllenlakk (Erysimum cheiri) er ein plante i gullslekta i krossblomfamilien.

Planten vert dyrka i forskjellige variantar; med ein eller fleire stenglar, høge eller låge. Dei fleste av desse er toårige, men somme, som parisargyllenlakk, blomstrar første sommaren. Kulturformene har blomsterfargar som varierer frå kvitt, gult, oransje, skarlakraud, høgraud til purpur. Planten er dyrka meir for dufta enn for utsjånaden.

Gyllenlakk veks vilt ved Middelhavet, men er innført til andre verdsdelar. Han kan ha vore forflytta som ballastplante.[1]

Den gule, store blomsteren har fire kronblad, og blada er lange og ganske smale, inntil 20 cm lange. Stengelen er håret.

Eigenskapar og bruk endre

Planten inneheld Cheiritoxin og andre glykosid som kan påverke hjarta, og han er moderat giftig. Blomstrane inneheld 0,06% eterisk olje, frøa inneheld 20% feit olje.

Planten skal vere hjartestyrkande, urindrivande og menstruasjonsdrivande. Ellers skal urta styrke nervane og motverke revmatisme og krampe. Frøa skal verke afrodisierande og styrkande.

Sidan gyllenlakk påverkar hjarta, skal han berre brukast under kyndig medisinsk rettleiing. Gravide må ikkje bruke urta.

I kulturen endre

Planten er mellom anna kjend frå Henrik Wergeland sitt dikt «Til min Gyldenlak»:

«

Gyldenlak, før Du din Glands har tabt,
da er jeg Det hvoraf alt er skabt;
ja før Du mister din Krones Guld,
da er jeg Muld.

»

—første verset av «Til min Gyldenlak» av Henrik Wergeland

Kjelder endre

  1. «gyllenlakk». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014.