59°47′1.6512″N 14°31′17.483″E / 59.783792000°N 14.52152306°E / 59.783792000; 14.52152306

Hällefors

Hällefors er ein tettstad og kommunesenteret i Hällefors kommun, Örebro län. Hällefors er ein liten stad med grøn natur og dyreliv. I Hällefors sentrum kan ein finne alt frå apotek til bibliotek, frisersalongar, bank, politi og systembolag under eit og same tak. Dette bygget heiter Centrumhuset. Der ligg òg turistbyrå i same lokale som biblioteket. I Hällefors finst òg museet Formens hus.

Utdanning endre

Pihlskolan Gymnasium ligg i sentrale Hällefors. Dei har spesialinnretingar som m.a. Industriprogrammet (Gymnasietekniker), Naturbruk med sportfisketurisme og Hotell og restaurant. Dei tre programma har riksinntak. Det finnast òg Barn och Fritids-programmet og Kultur-programmet.

Kulturskolan lærer bort teater, dans, bild, fotografi og musikk.

Industri endre

Hellefors Bryggeri, sidan april 2008 eigd av Spendrups bryggeri, ligg mellom Hällefors og Grythyttan. Stålkonkernet Ovako har anlegg i Hällefors likesom Stora Enso som har ein stor terminal for omlasting av trevirke frå lastebil til tog. Like nord for staden ligg badeplassen Sången.

Øvrig endre

Hällefors har òg ein folkehøgskule som gjev kurs i mellom anna formgjeving, smykkekunst, teater, scenografi og kultur.

Hällefors har gjeve namn til hunderasen Hälleforshund.

Utanfor Hällefors ligg den eldste folkeparken i Sverige, Krokbornsparken, i dag eit byggminne.

Personar frå Hällefors endre

Sjå òg endre

Kjelder endre