Håholmen
63°01′44″N 07°23′41″E / 63.02889°N 7.39472°E
Håholmen | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Averøy kommune | ||
Høgaste punkt | 16 moh. | ||
Folketal | 0 | ||
Håholmen 63°01′44″N 7°23′39″E / 63.029°N 7.3942°E | |||
Wikimedia Commons: Håholmen (Averøy) |
Håholmen er ei øy i Averøy kommune, vest for Averøya. Øya er veglaus og utan fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.
Håholmen var busett iallfall frå 1600-talet av, og frå 1720-talet av låg det ein handelsstad her. Det var fiskevær fram til 1935. I dag ligg det eit hotell her, med eit trettital bygningar tilbake til 1700- og 1800-talet. Det vart opna på midten av 1980-talet.[1]
Folketalsutvikling
endre1801[2] | 1900[3] |
---|---|
8 | 14 |
Håholmen var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Kornstad kommune fram til 1964 då Averøy kommune vart oppretta.
Kjelder
endre- ↑ «Nytt liv i fraflyttet fiskevær på Hustadvika». Fiskaren. 26. juni 1984.
- ↑ Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Kornstad herred, frå Digitalarkivet