Håkon Giil

norsk politikar

Håkon Steinar Giil (fødd 28. januar 1943) er ein skulemann og politikar frå Hyllestad i Sogn og Fjordane. Han representerte Sogn og Fjordane og SenterpartietStortinget perioden 1993-97.

Håkon Giil
Fødd28. januar 1943 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Giil gjekk Eids gymnas 1961-63. Sidan studerte han til cand.philol. tok eksamen i 1971 med norsk som hovudfag. Frå 1971 til -79 var han lektor ved Førde gymnas, medan han frå 1979 til 1993 underviste på Hyllestad ungdomsskule.

Tida 1984-93 var Giil medlem i formannskapet i Hyllestad, som ordførar dei siste seks åra. Hausten 1993 gjorde Senterpartiet eit brakval i Sogn og Fjordane og Giil kom inn på Stortinget, der han i fireårsperioden var medlem i Energi- og miljøkomitéen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1997, dermed tok han jobben som statssekretær i Olje- og energidepartementet under den fyrste Bondevik-regjeringa, ein posisjon han hadde til ut januar 1999. Frå 1999 var Giil atter lektor på ungdomsskulen i Hyllestad, til dess han pensjonerte seg i 2007. Han kom også tilbake i formannskapet, hadde sete der dei same åtte åra 1999-2007.

Giil var aktiv i fagorganisasjonar og anna. Såleis var han med sokneråd, lektorlag og frå 2006 leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU.

Kjelder endre