Olje- og energidepartementet
Olje- og energidepartementet (OED) har som hovudoppgåve å legge rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane.
OED | |
![]() | |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Skipa | 1. januar 1997[1] |
Statsråd | Terje Aasland (Ap) |
Hovudkontor | Akersgata 59, Oslo |
Tilsette | 162 (2014)[2] |
Nettside | sd.regjeringen.no |
Olje- og energidepartementet blei oppretta 1. januar 1997 med utgangspunkt i delen av det tidlegare Nærings- og energidepartementet som arbeidde med olje- og energispørsmål.[1]
Energisektoren hadde også sitt eige departement i perioden 1978-1992. Olje- og energidepartementet vart 11. januar 1978 skild ut frå Departementet for industri og handverk, som samstundes endra namn til Industridepartementet.
Direktorat organisert under Olje- og energidepartementet er Oljedirektoratet (OD) og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Politisk leiingEndra
Terje Aasland frå Arbeidarpartiet har vore statsråd og sjef for departementet frå 7. mars 2022.