Opna hovudmenyen

Korsvikaspillet Håkon og Kark

(Omdirigert frå Håkon og Kark)

Korsvikaspillet Håkon og Kark er eit historisk spel som blir framført kvart andre år i KorsvikaLade i Trondheim. Det første Korsvikaspillet var eit poetisk tablå som vart laga til 800-årsjubileet til Lade kyrkje i 1989 og tatt opp att to år seinare. I 1995 skreiv Idar Lind nytt manus. Dette blir i 2010 framført for niande gong. Musikken er komponert av Frode Fjellheim.

Stykket byggjer på historia om Håkon Ladejarl og trælen Tormod Kark, slik ho blir framstilt av Snorre Sturlason. I tillegg til historiske personar som Tora på Rimol, Olav Tryggvason og skalden Einar Skåleglam, presenterer stykket òg oppdikta personar.

BakgrunnsstoffEndra