Frode Fjellheim (fødd 27. august 1959 i Mosjøen) er ein norsk sørsamisk musikar (piano og synthesizer) og vokalist (joik). Fjellheim er utdanna ved Trøndelag Musikkonservatorium (1980–84) og busett i Trondheim der han har vore frilansmusikar og komponist, bl.a. i oppsetningar ved Trøndelag Teater, med Rikskonsertane.

Frode Fjellheim
Frode Fjellheim (cropped).jpg
Fødd 27. august 1959 (61 år)
Mosjøen
Yrke jazzmusikar, komponist, pianist
Frode Fjellheim på Commons

Han har skrive bestillingsverk til bl.a. Festspela i Nord-Noreg (2000) og Telemarkfestivalen (Sørsamar rundt Hardangervidda med bl.a. Transjoik, 2003), og Vinterfestuka i Narvik (Àhkunjárga eller Tøtta sitt ness, 2006).

Sidan 1997 har han òg komponert filmmusikk for NRK og Lars Rasmussen sine barnefilmar.

På 1990-talet gav han ut plater med «Jazz Joik Ensemble»; i dag er bandet kjent under namnet «Transjoik», som har fire plateutgjevingar. Fjellheim var òg med i «Tango Concertino».

Andre artistar han har samarbeidd med i plateutgjevingar er Iren Reppen, Annbjørg Lien, Sverre Porsanger, Ella Holm Bull, Tone Hulbækmo, Ulla Pirttijärvi og Kolbjørn Botten. Fjellheim driv òg eige musikkforlag, Vuelie.

UtgjevingarEndra

  • Sangen vi glemte – Mijjen Vuelieh, (Iđut 1991)
  • Frode Fjellheims Jazz Joik Ensemble, Saajve Dans (Iđut 1994)
  • Joik for kor, (Vuelie 2002)
  • Aejlies Gaaltije – den hellige kilden (Vuelie 2004)
  • Med joik som utgangspunkt, (Vuelie 2004)

PrisarEndra

BakgrunnsstoffEndra