Høgd i astronomi
Høgd i astronomi vert nytta i samband med høgda til ei stjerne, som er vinkelavstanden målt frå horisonten, målt langs vertikalsirkelen gjennom stjerna. Høgda vert målt i grader og vert rekna positiv over horisonten, negativ under. Høgdesirkelen (vertikalsirkel) er ein kvar storsirkel gjennom senit og nadir. Høgdeparallellar (almukantaratar) er småsirklar, parallelle med horisonten.
Kjelder
endre- «Høyde: astronomi», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014