Høgfartsbaner i Thailand
Høgfartsbaner i Thailand er fleire utbyggingsprosjekt for høgfartstog i Thailand som tok til i 2010-åra. Fram til 2019 var det bygd omlag 3,5 kilometer bane.[1]
Historie
endreI oktober 2010 godkjende nasjonalforsamlinga i Thailand førebels planar for eit høgfartsbane-nettverk. Fem baner som skulle kunna handsama tog på opptil 250 km/h skulle stråla ut frå Bangkok.[2]
Strekningar
endre- Bana mellom Nong Khai og Bangkok
- Anleggsfase 1
Strekninga mellom Nakhon Ratchasima og Bangkok er under utbygging. I 2021 vart det rapportert at bana kunne vera i drift i 2026.[3][4] Prosjektet er thai-kinesisk.[5]
Andre stoppestadar vil vera Ayutthaya og Saraburi. Farten skal etter planen komma opp i 250 km i timen.
- Anleggsfase 2
Bana frå riksgrensa til Nakhon Ratchasima var venta å vera i drift frå 2028, ifølgje rapportar i 2021.[3][4] Finansieringa for heile strekninga frå Nong Khai (i Nong Khai-fylket) til Nakhon Ratchasima, er ikkje klar.[6] Det er planlagt stoppestadar i Khon Kaen, Udon Thani, Nong Khai.
Per april 2019 jobbar ein med å planlegge anleggsfase 3: ei bane mellom hovudstaden i Laos og Nong Khai (i Thailand), Nong Khai-Vientiane Railway Connecting Line.
- «Flytog» mellom fylka Rayong, Chonburi, Chachoengsao, Samut Prakan og Bangkok
Ei høgfartsbane mellom U-Tapao-flyplassen i Rayong-fylket og Bangkok kjem tidlegast i drift i 2025 eller 2026.[6][7] Bana skal ha endestasjon på flyplass i Bangkok (Don Mueang-flyplassen) og i Rayong-fylket, og bana skal òg ha stasjon tilknytt Suvarnabhumi-flyplassen i Samut Prakan-fylket. Avgjersla om å bygga høgfartsbana vart teken av regjeringa den 28. mars 2018.[8][9] Bana skal ha ni stasjonar: Don Mueang, Bang Sue, Makkasan, Suvarnabhumi, Chachoengsao (hovudstaden i Chachoengsao-fylket), Chon Buri (hovudstaden i Chonburi-fylket), Sri Racha, Pattaya og U-tapao.[8] Den foreslåtte bana vert kalla ein Eastern Economic Corridor (EEC) high-speed railway.[10]
Referansar
endre- ↑ «Thailand to speed up train link with China», www.bangkokpost.com (Bangkok Post Public Company Limited), henta 14. mai 2019
- ↑ «Thailand to negotiate with China on high-speed proposal». International Railway Journal. 30. oktober 2010. Arkivert frå originalen 1. november 2010. Henta 30. oktober 2010.
- ↑ 3,0 3,1 Marukatat, Saritdet (17. september 2021). «Nong Khai plans for rail link with China». Bangkok Post. Henta 17. september 2021.
- ↑ 4,0 4,1 Govt mulls end of fast train plan. Bangkok Post. Vitja 2019-09-27
- ↑ A capital idea. Bangkok Post. Vitja 2019-09-30. «The Northeast is a longer-term project for development as an economic hub, once the construction of the Thai-Sino high-speed rail from Nong Khai to Bangkok is completed.»
- ↑ 6,0 6,1 High-speed train talks with China back on rails. Bangkok Post. Vitja 2019-09-20
- ↑ «U-tapao airport bus links launched». Bangkok Post. 4. mai 2018.
- ↑ 8,0 8,1 «JBIC pledges airport link loans». Bangkok Post. 4. mai 2018.
- ↑ «High-speed rail linking 3 airports wins first nod». Bangkok Post. 26. februar 2018.
- ↑ «Deal signed to set Thai rail standards». Bangkok Post. 10. mars 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- CP given airport link ultimatum. 2019-09-24. Bangkok Post
- From Bangkok to Beijing. 2019-07-07. Bangkok Post
- PTT abandons rail project. [PTT trekkjer seg frå jarnbane-prosjektet] 2019-06-27. Bangkok Post
- High-speed airport rail in EEC moving along. 2019-06-24. Bangkok PostDenne transportartikkelen som har med Thailand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.