Bangkok (thai กรุงเทพฯ, กรุงเทพมหานคร, Krung Thep eller Krung Thep Maha Nakhon) er hovudstaden og den største byen i Thailand. Byen ligg på austsida av elva Chao Phraya, 40 km frå munningen av elva. I 2005 hadde byen 6 642 566 innbyggjarar, medan storbyområdet (Bangkok Metropolitan Region) omfattar 10 787 211 menneske.

Bangkok
กรุงเทพมหานคร
Krung Thep Maha Nakhon
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Thailand
Høgd 1,5 m
Areal 1 568,737 km²
Folketal 8 280 925  (2010[1])
Kart
Bangkok
13°45′00″N 100°31′00″E / 13.75°N 100.51666666667°E / 13.75; 100.51666666667
Satellittbilete av Bangkok
Satellittbilete av Bangkok
Satellittbilete av Bangkok
Wikimedia Commons: Bangkok
Nettstad: http://www.bangkok.go.th

Historie endre

Bangkok vart gjort til hovudstad i 1782 etter at den tidlegare hovudstaden Ayutthaya vart rasert av styrkar frå Burma. Hovudstaden vart grunnlagd av Rama I, som var den fyrste kongen i Chakri-dynastiet. Moderniseringa av byen tok til for alvor frå 1950-talet. Då vart dei fleste kanalane som gjekk gjennom byen tetta igjen og bygg i vestleg stil vart oppført.

 
Frå ein klong, ein av dei mange kanalane i Bangkok.

Namn endre

Det fulle formelle og seremonielle namnet på byen er:

Krung Thep Mahanakhon Amon Rattanakosin Mahinthara Ayuthaya Mahadilok Phop Noppharat Ratchathani Burirom Udomratchaniwet Mahasathan Amon Piman Awatan Sathit Sakkathattiya Witsanukam Prasit, som tyder
«Byen åt englane, den store byen, den evige juvelen, den uovervinnelege byen til Indra, den store hovudstaden i verda med ni verdfulle juvelar, den lukkelege byen, byen med eit stort kongeleg palass som liknar himlane der dei attfødde gudane herskar, ein by gjeven av Indra og bygd av Vishnukarn

Dette er det lengste stadnamnet i verda.[treng kjelde] Namnet Bangkok er ifølgje ein teori avleidd frå eit tidlegare namn for området, sett saman av bang, 'landsby' eller 'distrikt', og makok, 'villplommer'.[2]

Administrasjon endre

Bangkok er eit av 76 fylke i Thailand.

Ulikt andre fylke, er Bangkok eit spesielt administrasjonsområde som har direkte val av ein guvernør for ein periode på fire år. 22. mai 2022 blei Chadchart Sittipunt vald til guvernør etter eit opphald i val sidan militærkuppet i Thailand i 2014.[3]

Museum, bygningar, gater og parkar endre

 
Wat Phra Kaew
 
Lumpini-parken

Dei største parkane er mellom anna Chatuchak-parken, Dronning Sirikit-parken og Wachirabenchathat og Lumpini-parken.

Nabofylke endre

Nabofylka er Pathum Thani, Nakhon Nayok, Chachoengsao, Samut Prakan, Samut Sakhon, Nakhon Pathom og Nonthaburi.

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. «Table 1 Population by sex, household type and household by type, average size of private household by region and area: 2010». Statistic tables, NSO website. National Statistics Office. Henta 18 September 2012. 
  2. Lawrence Sternstein (4. februar 2018). «Bangkok». Encyclopædia Britannica. 
  3. «Bangkok votes in new governor for first time in nine years». Reuters (på engelsk). 22. mai 2022. Henta 23. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bangkok
  Reiseguide for Bangkok frå Wikivoyage