Høgsete viser til ein særskild og gjæv sitjeplass, no vanlegvis ved enden av eit langbord. Høgsetet var viktig i norrøn tid og i eldre nordisk bondekultur. Dette var den faste plassen til husbonden.

Odin frå Lejre, ein norrøn skulptur av ein person i eit høgsete som er blitt tolka som Odin eller Frøya.

I norrøn mytologi heitte høgsetet til Odin Lidskjalv.

Husbondsplassen i eit vanleg hus i norrøn tid heitte ǫndvegi eller hásæti. Det var plassert midt på langbenken langs den eine langveggen, og kunne ha dekorative høgsetestolpar om seg. Midt på den motsette veggen var den nest beste plassen.

I norsk bygdekultur kunne veggen bak høgsetet ha ei dekorativ høgsetetavle.

Kjelder endre