Høgskolen i Vestfold
Høgskolen i Vestfold (HiVe) var ein høgskole i Vestfold, og ein av 24 statlege høgskolar i Noreg, før skulen 1. januar 2014 vart slegen saman med Høgskolen i Buskerud til ein høgskule med namnet Høgskolen i Buskerud og Vestfold.
Høgskolen i Vestfold | |
Grunnlagt | 1994 |
---|---|
Type | Statleg høgskole |
Rektor | Petter Aasen |
Stad | Borre og Larvik |
Studentar | 4 321 (2011) [1] |
Tilsette | 469 [2] |
Nettstad | www.hive.no |
Høgskolen i Vestfold vart skipa i 1994, då tre statlege høgskolar i Horten og Tønsberg vart samanslegne som fylgje av Høgskulereforma det året. Frå 1994 til 2010 var høgskolen lokalisert både i Borre ved Horten og på Eik utanfor Tønsberg. Frå skulestart 2010 vart all verksemda lokalisert på Bakkenteigen i Borre. I tillegg dreiv HiVe eit studiesenter i Tollboden i Larvik med om lag 60 studentar.
Høgskolen tilbaud fag- og profesjonsstudie innan maritime fag, sjukepleie, ingeniør, samfunnsfagleg og pedagogisk utdanning, som kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradsprogram, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
OrganisasjonEndra
Frå hausten 2010 var høgskolen inndelt i fire fakultet:
- Fakultet for helsevitskap
- Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
- Fakultet for teknologi og maritime fag
- Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap
Høgskolen tilbaud mastergrader i:
- barnehagepedagogikk og profesjonskunnskap
- helsefremjande arbeid
- mikrosystemteknologi
- norskdidaktikk
- pedagogikk
- psykisk helsearbeid
- tverrfagleg samfunnsvitskap
- maritim leiing (Nordic Master in Maritime Management; NOMAR).
Høgskolen tilbaud også internasjonalisering av studia.
KjelderEndra
- Denne artikkelen byggjer på «Høgskolen i Vestfold» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2012.
- Høgskolen i Vestfold si nettside