Høns
underart av fuglar
(Omdirigert frå Høner)
Høns eller tamhøns (Gallus gallus domesticus) er ein tamfugl i fasanfamilien. Høns blei domestisert frå den asiatiske jungelhøna for minst 5000 år sidan. Dei blir hovudsakleg haldne for egg og kjøt, men kan også vera til nytte, pryd og underhaldning. Høns finst i mange fargar og storleikar, og kan vera dekte av fjør eller dun. Dei lever i flokkar og er altetarar. Me skil mellom hohøns, høne, og hannhøns, hane. Unghøns er kjende som kyllingar. Kapun er ein kastrert unghane.
Historie
endreDet er funne spor etter hønsebein frå rundt 6000-4000 f.Kr. i Yangshao og Peiligan i Kina, og frå rundt 3000-2000 f.Kr. i Harappa og Mohenjo-Daro i noverande Pakistan. Høns spreidde seg seinare til store delar av verda. Dei blei truleg haldne i Noreg før vikingtida.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «høns» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Høns» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Cambridge History of Food 1, Cambridge University Press, 2000
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre Denne biologiartikkelen som har med landbruk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.